Har du mykje restavfall?

Hugs at du kan sortere ut mykje plastemballasje.

Nesten alt av plastemballasje frå husholdninga kan attvinnast, så lenge det ikkje har innehalde oljeprodukt, brannfarlege eller giftige stoff. Plastemballasje kan væra både mjuk og hard plast.

Kva som skal sorterast ligg i navnet: er det emballasje, og laga av plast, kan det attvinnast til nye plastprodukt.

Ja takk!

Dette er plastemballasje me vil ha (skyll reint i kaldt vatn):

  • Plastfl asker og - kanner
  • Plastøskjer, - boksar og - beger
  • Plastfolie og bæreposar
  • Blomsterpotter

Nei takk!

Dette vil vi ikkje ha:

  • Tilgrisa plast
  • Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall
  • Plast som ikkje er emballasje (t.d. leiker, hagemøblar, kulepennar, bestikk, kjøkkenreiskapar)

For at ein skal kunne gjenvinne plasten er det viktig at all plastemballasjen me mottek er rein og tørr. Bruk gjerne oppvaskebørsten for å få det reint, men hugs å berre bruke kaldt vatn. Nyttar du varmt vann, så bruker du energi. Då går vinninga opp i spinninga.

Bruk fornuften:

  • Er plastemballasjen for vanskeleg å reingjere, kast det i restavfallet!
  • Bruk utdelt sekk
  • Legg den reingjorte plastemballasjen i sekken du har fått.
  • Knyt sekken godt att!
  • Sett seken med plastemballasje ut saman med papirbeholdaren på din vanlege tømmedag for papir.
  • Nye sekker til plastemballasje kan hentast på daglegvarebutikkar eller på alle våre miljøstasjonar.