Har du gamle dekk liggjande?

dekkbilde.jpg

Lever dei gratis hjå SIMAS eller hjå din dekkforhandlar.

Alle dekkforhandlarar tek imot gamle dekk, og dette går ofte av seg sjølv når ein kjøper nye dekk. Men har du gamle dekk liggande, kan du òg levere dei på ein av våre miljøstasjonar. Det er gratis å levere dekk utan felg – med felg kostar 50,- per dekk.

Ikkje la dekka ligge å støve ned. Bildekk består i hovudsak av ulike gummiblandingar, men inneheld òg nokon tungmetaller og organiske miljøgifter. Difor er det viktig at dei vert returnert.

Kva blir dekk til?

  • Underlag for vegar
  • Støyvollar mot vegar og bygningar
  • Store anleggsdekk går til bryggefenderar langs kysten. Me har for få slike dekk, og må difor supplera med anleggsdekk frå Sverige.

Visste du at...

... gamle dekk kan verte til gummiasfalt? Gjennom å blanda gummi i asfalten får ein lengre haldbarheit på asfaltdekket.

.. til ein kunstgrasbane treng ein ca. 100 tonn gummigranulat, altså rundt 140 tonn kasserte dekk.

Korleis vert dekk gjenvinna

Dekkene kan gjenbrukas som dei er, eller verte kverna til granulat av forskjellig størrelsar avhengig av kva dei skal nyttast til.

Kasserte dekk vert henta av RagnSells AS, eller innleidde transportører i distrikta landet rundt. Dei hentar dekk frå ca. 4000 henteplasser. Dekk frå Finnmark, Troms og Nordland vert kjørt til Kjøpsvik der hovudmottaksplassen for Nord-Noreg ligg. Kasserte dekk frå resten av landet (ca. 88 %) køyrast til Skjerkøya i Telemark, der hovudmottaksanlegget for Sør-Noreg ligg.  

Kjelde: loop.no