Godt samarbeid med jordbruksskulen i Aurland

IMG_2101.JPG

Sogn Jord- og Hagebruksskule har vore på besøk for å sjå korleis me komposterer våtorganisk avfall.

– Det luktar mykje mindre no enn sist gong eg var her, påpeikar Nat Mead, lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Førre veke hadde han med seg VG2-elevane ved jordbruksskulen på besøk i Festingdalen, for å sjå korleis me komposterer våtorganisk avfall frå våre abonnentar. Sidan sist dei var på besøk, har me gjort nokre endringar, som mellom anna har bidrege til betre lukt rundt anlegget.

Utvekslar erfaring

Me har samarbeida med jordbruksskulen i fleire år, og gjennomført ulike prosjekt. Dei er landets einaste heiløkologiske jordbruksskule, full av lokal og ureist mat. Og dei komposterer alt av hage- og matavfall i eigne komposthaugar på skuleområdet.

Dette er noko dei har fått skikkelig dreisen på, og dei kan lære oss i SIMAS mykje om temperatur og kva retningslinjer dei har på sin kompostering.

Ferdig kompostjord?

Eit av samarbeidsprosjekta me hadde med jordbrukskulen i 2015, har resultert i ein haug kompostjord i Festingdalen. Vi driv å testar ut om dette er eit god produkt å tilby våre abonnentar - noko jordbruksskulen fikk sjå, lukte og ta på.

Vi driv no med meir omfattande testar av kompostjorda og når dei svara kjem, får vi sjå kva kvalitet produktet held.

Takk for besøket, Sogn Jord- og Hagebruksskule!

Sogn jord og hagebruksskule på besøk i festingdalen.JPG
Sogn jord og hagebruksskule på besøk i festingdalen kompost.JPG