Gjer julegåvene dine meir miljøvennleg

gaveide2.jpg

Du treng ikkje kutta ut gåvene. Tenk heller på innpakning og kreativt innhald.

Kven har ikkje stått fast på julegåveidear? Det endar ofte i ei halvvegs gåve, som kanskje attpåtil ikkje blir så mykje brukt. Kva er då poenget?

I tillegg blir gjerne gåva pakka inn i eit glinsande gåvepapir. Papir som må gå rett i restavfallet då det inneheld leire, fargestoff og miljøgifter - og minimalt med papirfiber.

Ifølgje Framtiden i våre hender nyttar me rundt 60.000 kilometer med julepapir kvart år i Noreg, tilsvarande omkring ein og ein halv gong rundt ekvator.

Auch!

Kva om me kunne gjort desse kilometerane resirkulerbare? Ved å nytta gråpapir og resirkulerbart papir, papirposer, aviser og hyssing får me avfall som kan gå i papiravfallet.

Triks: Alternativ innpakning

  • Spør etter gråpapir eller resirkulert papir i butikken. Mykje resirkulert gåvepapir finnast i fargar, mønstre og stilar som er fint til jul.
  • Ta vare på nøytrale esker, papirposer, gråpapir og liknande gjennom året. Med kreativ dekor, kan det bli eit personleg gåvepapir.
  • Gamle blad, aviser eller plakatar med fine motiv kan bli fin innpakning.
  • Stoffrestar kan bli til stoffposar som gåvene puttast i. Posane kan nyttast om igjen som gåvepose eller til andre ting.
  • Bruk garnrestar som gåveband.
  • Du kan også pakke inn gåvene i eit bærenett – det blir to gåver i eit.
  • Dersom papiret er pent, kan du nytte det ein gong til.
gaveide1.jpg

VER KREATIV: Kjøpar du ein rull med gråpapir held det truleg til alle julegåvene dine i år. Økonomisk - og gråpapir treng ikkje vere kjedeleg. Pynt med ein kvist, klipp ut hjarte i raudt papir, finn ein fin hyssing i julefargar eller dekorer noko fint rett på papiret. Kva med å la borna teikne? FOTO: Alette Hus Kråkenes, Naturvernstudentane i Sogndal.

Tenk alternative gåver

Veit du ikkje kva du skal gi, kan du gi ei oppleving. Har mottakar ingen ønskjer, treng han eller ho kanskje ingen ting heller. Her er nokre forslag:

  • Gi billettar til ein kino eller eit arrangement
  • Gi gåvekort på ein behandling, dansetimar eller trening
  • Gi eit kurs. Til dømes i hekling, skriving, trening eller jobb-/studierelatert.
  • Gi heimelaga mat (ikkje dorullnissar ...). Gi mat, julesnop, heimelaga sild, eller knekkebrød.
  • Gi eit heimelaga gåvekort. Tilby å trimme hekken, dra på telttur, server middag ute, ha ein spillkveld eller overrask med ein heilkveld ute.
  • Gi noko brukt? Har du vennar eller familie med ungar som er eldre eller yngre enn dine ungar, kan de bli einig om å byte leikar eller klede. Så lenge det er pent brukt, bryr nok ikkje ungane seg om merkelappen er på eller ikkje. Ein kan også oppmode ungane til å gje bort ein av sine lekar til vennar.

Det viktigaste av alt: tenk litt på miljøet også i julestria. Det kommer oss alle til gode!

ALLE FOTO: Alette Hus Kråkenes, Naturvernstudentane i Sogndal.

ALLE FOTO: Alette Hus Kråkenes, Naturvernstudentane i Sogndal.

gaveide3.jpg

Sjå også: