Gamle batteri kan vere ei brannfelle

9-volts-batteri-brannfare.jpg

– Fest ein teip over batteria. Då har du sikra batteria.

Måndag kunne me lese om ekteparet Valsvik frå Høyanger, som nesten mista huset sitt i brann før jul, grunna gamle røykvarslarbatteri.

Politiet sa dei ikkje fann nokon mogleg brannårsak, bortsett frå desse 9-volts batteria. Brannetterforskar Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier at han fleire gonger har oppelevd at slike gamle batteri tek fyr. Han har eit enkelt tips til korleis ein sikrer seg mot liknande hendingar:

– Fest ein teip over batteria. Då har me sikra batteria, så enkelt er det, seier Skrøppa til NRK.

PS! Dette gjeld 9-volts batteri. Dei har ein pluss– og ein minuspole på enden. Kjem ein metallgjenstand i kontakt med begge polane, kan batteriet kortslutte og gje nok varme til at det tek til å brenne.

Me oppmodar alle våre abonnentar til å hente seg ein oppbevaringsboks for farleg avfall. Teip polane før de kastar batteria i boksen og tøm den med jamne mellomrom.