Forsøpling på returpunkt i Gudvangen

Det var eit trist syn som møtte sjåfør frå RenoNorden ved tømming av fritidscontainer ved Shell i Gudvangen.

Foto: RenoNorden

Foto: RenoNorden

Det er ikkje greitt å setje att avfall på utsida av containerar. Når ein byrjar vert det lettare for andre å halde fram.

Fritidscontaineren er meint for betalande abonnentar med hytte og fritidshus i SIMAS-regionen. Avfallet skal leverast i vanlege små hushaldningsposar gjennom lukene på sida, og er ikkje meint for store søppelsekker og store mengder avfall. 

Større mengde avfall og artiklar skal leverast på miljøstasjonen.