Faktura 2. termin 2015 og spørsmål/svar angåande faktura

Faktura for renovasjon- og slamavgifta for 2. termin 2015 er på veg ut til kundane. Me har samla saman litt generell informasjon som kan gje svar på spørsmål kundane ofte lurar på i forbindelse med fakturaen.

  • Endringar i abonnementet (søknad om fritak, einsleg frådrag, fritidsabonnement etc.): skriftleg søknad må sendast til Simas. De kan finne skjemaet på http://www.simas.no/kundeservice-/sknadsskjema-for-endring-av-renovasjonsgebyret, sende ein e-post til post@simas.no eller ta kontakt for å få tilsendt skjema i posten.
  • Simas fakturera kun tinglyst eigar av eigedomen. Faktura vert send til eigar si folkeregistrerte adresse.
  • Dersom det er tinglyst festeavtale er det tomtefestaren som får faktura.
  • Adresseendringar som vert ført i folkeregistrert vert automatisk oppdatert i våre system.
  • Adresseendring ved dødsbu: Når ein person som sit i uskifta bu sender inn ferdig utfylt heimelserklæring samt kopi av uskifteattest til Kartverket, vil namnet i matrikkelen bli endra til den som sit i uskifta bu. Det er utan konstnader å tinglyse heimelsovergang når ein sit i uskifte.

Skjemaet finn du her: http://kartverket.no/Eiendom-og-areal/Tinglysing-av-eiendom/Alle-skjemaer-for-tinglysing/Arv-og-skifte-fast-eiendom/Heimelserklaring-ved-arv-og-skifte---fast-eigedom-nynorsk/

Sendast til: Kartverket Ullensvang, Postboks 200, 5788 Kinsarvik

  • Heimekompostgebyret: gebyret dekker administrering av avtalen, uthenting av strø på miljøstasjonen og heimekomposteringskurs. Gebyret utgjer eit minstegebyr saman med 140 l papp-/papirdunk og 140 l restavfallsdunk. Eit minstegebyr er 35 % billigare enn eit standardabonnement.
  • Minstegebyr: den lågaste satsen ein kan bli fakturert. Ein kan oppnå minstegebyr om ein søker om einsleg frådrag om ein bur aleine, heimekomposterar eller om ein deler dunkar med andre og kostnaden til saman ikkje overstig eit minstegebyr pr. bueining.
  • Avtalegiro: faktura vert automatisk trekt på forfallsdato. Du vert varsla minst 7 dagar før forfall, og kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta. Avtalegiro opprettar du i nettbanken eller ved å kontakta banken.
  • eFaktura: faktura kjem ferdig utfylt inn i nettbanken, det einaste du må gjere er å godkjenne betalinga. Fakturaen vert oppbevart elektronisk i nettbanken. Du kan velje å verta varsla på e-post når ein ny faktura kjem inn i nettbanken.
  • Kombinasjon av avtalegiro og eFaktura: Du kan velja å få eFaktura automatisk betalt på forfallsdato ved å kombinera eFaktura med avtalegiro. Med denne kombinasjonen vert eFaktura framleis sendt direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga for at pengane skal verta trekt frå konto.  

Kommunale tillegg:

Vik kommune: kr. 150,- inkl. mva. for år 2015. Dekker etterdrift av Røyrvik deponi.

Leikanger kommune: Dekker underskot på tenesteområdet:

  • Standardabonnement og oppover = 125,- inkl. mva.
  • Minstegebyr opp til standard =         88,75 inkl. mva.
  •  Hyttegebyr opp til minstegebyr =     55,- inkl. mva.

Sogndal kommune:

Renovasjon: kr 375,- inkl. mva. pr. eining pr. år dekker:

  • Del av sentrumsrenovasjonen, innsamling av avfall i dei "grøne avfallsboksane" i Sogndal.
  • Deltaking i FOU innan renovasjon.
  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkingar innan renovasjon
  • Del av administrative kostnader på tenesteeining kommunalteknikk.

Slam: kr. 375,- inkl. mva. pr. eining pr. år dekker:

  • Administrative kostnader til sakshandsaming av avlaup i sprett bebygging.
  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for slambetaling.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om slambetaling og andre lovtolkingar innan slamhandtering.
  • Del av administrative kostnader på tenesteeining kommunalteknikk.