Endringar i slam- og renovasjonstenesta på sørsida i Høyanger kommune

Frå 1. januar vil slam- og renovasjonstenesta på Høyanger sørside verta utført og samordna med dei andre kommunane i Sogn.

I Sogn har SIMAS IKS ansvaret for den lovpålagde slam- og renovasjonstenesta. Dette omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger. Renovatørar for SIMAS er for tida Reno Norden AS på renovasjon og Johny Birkeland Transport AS på slamtenesta.

Det vert endringar i tømmedagar for renovasjon. Ny tømmekalender vert sendt ut før jul, og ruta får nr 107 med ruteforklaring: «Høyanger sør».

Oppstart:

  • Papp/papir og våtorganisk i veke 2: 10. januar 2017
  • Restavfall og våtorganisk i veke 4: 24. januar 2017

Hentedagen vert tysdagar.

På grunn av at det er lenge mellom siste restavfall før jul og første etter nyttår, vert det sett opp ei ekstrarute for restavfall 6. januar.

SIMAS har ein eigen App «Min Renovasjon» (Norkart AS) der de får automatisk varsling om tømming av avfallsdunkar. Informasjon om dykkar abonnement finn de på «Mi side».

Me viser elles til informasjon på Facebook: facebook.com/SimasFestingdalen