Endringar i renovasjonstenesta i Flåm og Gudvangen

No vil felles avfallsbehaldarar for fritidsabonnentar og abonnentar som leverer i sekk verte bytt ut med nedgravd avfallsløysing. Nokre som tidlegare har hatt eigne avfallsbehaldarar i området skal óg over på nedgravd løysing, for nokre vart det kort varsel før avfallsbehaldarane vart innhenta. Dette beklagar me. 

Nedgravd avfallsløysing gjeld for dei som bur i områda:

  • Flåmsdalsvegen
  • Flåmshagevegen
  • Flåmsvegen
  • Holavegen
  • Indrelivegen
  • Ryavegen
  • Tunshellevegen
  • Vidmevegen
  • Dyrdal
  • Styvi
  • Bakka
  • Ramsøy
  • Nærøydalen
  • Gudvangen

Alle som bur i desse områda og som nyttar behaldar/container for felles avfallsløysing, må no nytte det nye returpunktet. Løysinga med sekk vert pr. no den same, men returpunktet er nytt. Det er eige punkt for restavfall (hushaldningsavfall), papp/papir og glas-/metallemballasje.

Alle som har motteke melding om endring i renovasjonsavgifta, og som er registrert med privatabonnement/fastbuande, kan hente inntil 2 rullar med svarte bossekker på tenestetorget kostnadsfritt kvart år. 

Dei nye returpunkta er plassert:

  • Langs Flåmsdalsvegen mellom Flåm kyrkje og Flåm bru.
  • Gudvangen næringsområde/Ramsøy

Abonnentar som skal nytte løysinga får tilsendt brikke til å opne luka. 

Ved tap av brikke eller ynskje om fleire brikker kan desse bestillast hjå Simas på abonnement@simas.no eller tlf. 57 67 69 84. Pris pr. brikke er sett til kr. 410,-

Ved feil på brikke (t.d. brikker som ikkje virka) må denne sendast i retur til Simas for utlevering av ny. Brikka sendast til: SIMAS IKS, Amla, 6854 Kaupanger.

Ved spørsmål om bruk av nedgravd avfallsløysing, ta kontakt med Aurland kommune.

 Returpunkt før....

Returpunkt før....

 ... og etter!

... og etter!

Anlegget skal ikkje ha innhald som kan utsetje renovatøren for fare eller ulempe ved tømming.

· Fuktig avfall, spisse, skarpe eller knuselege gjenstandar m.v. skal vere forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren.

· Varm oske må kjølast heilt ned før den vert emballert og lagd i behaldaren.

· Oske, avfall frå støvsugar og anna avfall som kan gje støvplage, må vere emballert slik at det ikkje oppstår støvplage ved innsamling.

· I behaldarane skal det ikkje leggjast flytande avfall, større metallgjenstandar, kvitevarer, kuldemøblar, møblar, stein og jord, hageavfall, sand/grus eller bygningsavfall. Slikt avfall skal leverast til SIMAS sine miljøstasjonar.

· I behaldarane må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall.

· Farleg avfall skal leverast til SIMAS sine miljøstasjonar.

· Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) kan leverast til forhandlar eller på miljøstasjonen.

· Det er forbode å leggja daude dyr og slakteavfall i avfallsbehaldarane.