Ditt matavfall kan gje betre avlingar

våtorgansik avfall simas

Våtorganisk avfall frå våre abonnentar ser ut til å bli eit lovande produkt.

Me har nylig hatt besøk av forskarar og fagpersonar frå Polen, England og Universitetet i Oslo, med spisskompetanse innan kompostering, vekstmedium og jordfruktbarheit. Dei er med i ein prosjektgruppe for eit prosjekt me kallar «CompostInwest».

– Målet er å få våtorganisk avfall frå våre abonnentar omgjort til eit verdifullt og miljøvennleg produkt. Me ser om kompostjorda kan bli eit eigna vekstmedium til frukt- og bærdyrking, fortel Hallvard Thomassen i SIMAS.

Ser lovande ut

Prosjektet vart starta i 2010, med Njøs Næringsutvikling som prosjektleiar og støtte frå Regionalt forskingsfond for Vestlandet. Sidan da har me testa to typar kompost blanda med jord henta inn frå gardsbruk i Sogn - med lovande resultat so langt. 

Mellom anna er jordtrøyttleik ein utfordring, der jorda hemmar vekst på frukttre og gir mindre avling. God kompostgjord kan endre dette. Kvaliteten på jorda er avhengig av måten me komposterer og kva organisk materiale som går inn i komposten. Kompostjorda me no har testa, er blanda med hageavfall.

Lite nytta ressurs

SIMAS får inn ca 5.000 tonn matavfall kvart år. Kompostering er ein effektiv måte å nytte ressursane i organisk avfall på, og vil helde viktige næringsstoff i omløp.

I tillegg vil god kompost verke sjukdomsførebyggjande for planter. Finn ein eit veleigna produkt, kan dette erstatte kunstgjødsel.

– Me får snart edeleg resultat på testane av kompostjorda. Då vil vi sjå om produktet er så bra som me håpar. I så fall har me fått til god utnytting av våtorganisk avfall, fortel Thomassen.

  Prosjektgruppa på besøk i Festingdalen.

Prosjektgruppa på besøk i Festingdalen.

  Prosjektgruppa på besøk på Njøs Næringsutvikling.

Prosjektgruppa på besøk på Njøs Næringsutvikling.


Prosjektet omtala i media: