Din gullgruve i skuffen

Visste du at du sit på sjeldne, verdifulle ressursar som det er lite av i verda?

VERDIFULLT: Det er gunstig for miljøet at du gjenvinn øydelagt elektronikk du har liggande i skuffer og skap.  Foto: Åsa Maria Mikkelsen.

VERDIFULLT: Det er gunstig for miljøet at du gjenvinn øydelagt elektronikk du har liggande i skuffer og skap.  Foto: Åsa Maria Mikkelsen.

Mange har elektronikk med edle og sjeldne metall liggjande i skuffer og skap. Ting som de ikkje har bruk for lenger. Til dømes har 7 av 10 nordmenn brukte mobiltelefonar liggjande heime. Desse produkta inneheld verdifulle material som gull, koppar, jern og aluminium som det er lite av i verda.

Lev berekraftig

Dagens ressursbruk er ikkje berekraftig, me kan faktisk gå tomme for fleire naturressursar allereie om 10-30 år, om me held fram slik me gjer no. Mykje elektronikk inneheld òg sjeldne grunnstoff som både er svært forureinande og helseskadelege for gruvearbeidarane å utvinne. Difor er det viktig at elektriske produkt ikkje kastast i restavfallet, men vert gjenvunne.

Me lev i eit overflodssamfunn der me byter ut og forbrukar elektriske og elektroniske produkt som aldri før. Dette fører til ein stor etterspurnad etter råmateriala. Når det ikkje finst nok resirkulerte material å ta av, må det utvinnast nye råstoff frå naturen. Det krevst langt mindre klimautslepp når ein får gjenvunne materiala enn når ein utvinn heilt nye råstoff. Det er difor viktig at du levera inn elektronikk du ikkje har bruk for til gjenvinning eller ombruk.

Det er vår plikt som menneske å gjenvinne verdifulle ressursar me ikkje lenger treng.

Ingen miljøgifter på avvege

Elektrisk og elektronisk avfall inneheld ikkje berre verdifulle material. Det inneheld miljøgifter. Desse kan føre til alvorleg skade på menneske, natur og dyr om det ikkje behandlast forsvarleg. Alt frå lyspærer, litiumbatteri, kretskort og mobiltelefonar inneheld miljøgifter som kan hope seg opp i levande organisme og gje kreft, reproduksjonsskadar og arvestoffskadar. Sjølv små mengder på avvege kan gjere stor skade. Til dømes skal det berre ei teskei kvikksølv til for å forureine ein middels stor innsjø. Det er difor særs viktig at sjølv små elektriske artiklar som kablar, lyspærer og miljøskadelege batteri aldri kastast i restavfallet. Til tross for dette vert det kasta store mengder miljøfarleg avfall rett i boset kvart år. Til dømes kjøper me 50 millionar lyspærer i året, medan berre 5 millionar vert levert inn.

Trend: fiksefester

Det beste for miljøet er om me reparerer og brukar om att det me har framfor å stadig kjøpe nytt. Då sparar du både peng, klimautslepp, bos og forureining. Det er vekse fram ein ny trend blant miljøbevisste forbrukarar fleire plassar i verda. «Restart Parties», eit konsept der det vert arrangert fester der folk kan møtast å hjelpe kvarandre å reparere og fikse det dei har av elektronisk utstyr.

Slik vert EE-avfallet gjenvunne

I Noreg har me heldigvis eit særs effektivt og godt system for gjenvinning av EE-avfall. Når du levera inn ditt elektriske og elektroniske avfall til gjenvinning vert miljøgifter behandla forsvarleg og minst 85 % av materiala vert materialgjenvunne. Når EE-avfall leverast inn går dei inn i ein gjenvinningsprosess der edle og sjeldne metall i kretskort vert henta ut og andre material vert gjenvunne og nytta som råvara til nye produkt. Ta vare på og bruk om att verda sine ressursar og lever det til gjenvinning! Det er både enkelt og viktig!

UT AV RESTAVFALLET: Sørg for at lyspærer, kablar og elektrisk utstyr vert gjenvunne forsvarleg, so materiala vert gjenvunne og ingen miljøgifter kjem på avvege. Foto: Åsa Maria Mikkelsen

UT AV RESTAVFALLET: Sørg for at lyspærer, kablar og elektrisk utstyr vert gjenvunne forsvarleg, so materiala vert gjenvunne og ingen miljøgifter kjem på avvege. Foto: Åsa Maria Mikkelsen

Kvifor: Ved gjenvinning unngår me at miljøgifter slepp ut. I tillegg sparar me bruk av knappe naturressursar, klimautslepp og energi ved å gjenvinne plasten og metalla i EE-avfallet.

Korleis: Privatpersonar kan levera EE-avfall i butikkar som sel tilsvarande produkt. Har du til dømes ein øydelagt elektrisk leike kan denne leverast i ein leikebutikk, sjølv om den ikkje er kjøpt der. Elles kan EE-avfall leverast til kommunale gjenvinningsstasjonar og mottak.

Vanskelegheitsgrad: Superlett

Gjenvinningsgrad: Vanvettig høg, 85% av avfallet vert materialgjenvunne, medan 13% vert energigjenvunne.

Godt å vita: Ynskjer du å selje elektriske og elektroniske produkt for ombruk er det smart å slette sensitiv data før du gir produktet frå deg.

Miljøgevinst: Gjenvinningsprosessen syter for at miljøgifter vert forsvarleg behandla. Elektronikk inneheld ofte edle metall og sjeldne grunnstoff som det er lite av i verda og som det er særs forureinande og helseskadeleg å utvinne. Det er veldig gunstig at desse vert gjenvunne.

Kven: Det er 3 returselskap som er ansvarleg for gjenvinning av EE-avfall: RENAS, NORSIRK, og ERP Norway AS. I 2015 vart det samla inn og behandla nesten 150.000 tonn EE-avfall.

Kva vert det til?: Plasten og dei edle og sjeldne metalla i EE-avfallet vert til ny plast og nye metall som kan nyttast i nye produkt.

Kva er eigentleg EE-avfall? EE- avfall omfattar alle produkt som går på straum eller batteri. I dag omgir me oss med elektronikk over alt, i alt frå ryggsekker med blinkande refleks, bøker med lyd, til blinkesko. EE- avfall omfattar alle elektriske og elektroniske produkt.

Sensitiv data Elektronikk som inneheld sensitiv data kan du kaste i ein safedrop-container. Når du levera IT-avfallet i ein Safedrop garanterast totalt tilinkjesgjering av dine data, samtidig som produktet vert forsvarleg gjenvunne. Sjå kart over innsamlingspunkt på safedrop.no.

Lær meir

norsirk.no

renas.no

erp-recycling.org

tavarepådetduhar.no

restartersoslo.org