- Dette har vore eit problem i Sogndalsdalen i fleire år

Det er trist å sjå korleis det ser ut ved containeren i Sogndalsdalen. FOTO: RenoNorden

Det er trist å sjå korleis det ser ut ved containeren i Sogndalsdalen. FOTO: RenoNorden

Fellesskapet må rydda opp etter enkeltindivid.

Det er trist å sjå på containeren som står i Sogndalsdalen. Det ser ut som folk dumpar alt mogleg utanfor hyttecontaineren, utan å tenkje på at det blir liggande. Hugs at ikkje alt bos går i ein vanleg container. Det er ting komprimatorbilen ikkje kan ta med seg, som skal leverast på miljøstasjonane - og difor lat ligge igjen.

Det endar med at fellesskapet må rydda opp etter enkeltindivid.

– Det er rett og slett respektlaust av folk. Nokon brukar dette som dumpingplass for møblar, dekk, bilbatteri og store søppelsekker. For oss som bur oppe i det, så er det ikkje triveleg i det heile tatt. Det samlar seg både fuglar og anna kryp rundt, seier Per Hilleren til porten.no.

Bonden er ein av dei som bur i Sogndalsdalen og er lei alt boset. Han påpeiker miljøfaren ved å la alt boset ligge der so nær ei elv.

– Med bilbatteri og alt mogleg som står so nærme elva, er det ikkje miljøvenleg i det heile tatt.

Kva gjer ein med slikt bos?

Hugs å ta ansvar og få levert større ting, samt miljøfarleg avfall, direkte til ein av våre miljøstasjonar. Kvifor ikkje ta ei runde innom Festingdalen på veg til ferja ein dag?

 Tenk på miljøet!