Bioposen - nedbrytbar ferskvare

Bruk gjerne ei ventilert bøtte som denne.

Bruk gjerne ei ventilert bøtte som denne.

Bioposane de får utlevert til å ha våtorganisk avfall i er 100 % biologisk nedbrytbar og er difor perfekt å samle våtorganisk avfall i, før det vert henta og hamnar i kompostanlegget vårt i Festingdalen. Her vert bioposane brutt ned saman med avfallet og vert til kompostjord.

Sidan posane er organiske i seg sjølv er dei ferskvare og går difor ut på dato. Dei skal halde seg i omlag eitt år, so om posene vert dårlege kan det vere lurt å bruke rullen de fekk utlevert sist.

For å bevare posane so dei skal halde seg best mogeleg er det lurt å oppbevare dei på ein turr plass, og ikkje utsetje dei for fuktige omgjevnader. 

Det er ein god idé å ha posen oppi ein behaldar som passar slik at ein ikkje treng å strekke på posen. Bruk gjerne biokorg de har fått utlevert frå SIMAS. Desse får ein tak i på miljøstasjonane om ein ynskjer ny eller ikkje har fått.

Sikteverket som siktar ut omdanna våtorganisk avfall

Sikteverket som siktar ut omdanna våtorganisk avfall

Kompostanlegget 

Kompostanlegget