Hugs å pante - Ikkje kast bort energien

Me sparar verda for enorm energisløsing når me pantar flasker og boksar i staden for å kaste dei.

VERDAS BESTE: I Noreg er me so heldige å ha eit pantesystem som er kåra til det beste og mest effektive i verda - for naturen. I mange land finnast det ikkje tilsvarande pantesystem og mange drikkeflasker hamnar i naturen.  Foto: Kunstnar og fotograf Magnus Torsne står bak installasjonen og bileta.

VERDAS BESTE: I Noreg er me so heldige å ha eit pantesystem som er kåra til det beste og mest effektive i verda - for naturen. I mange land finnast det ikkje tilsvarande pantesystem og mange drikkeflasker hamnar i naturen.  Foto: Kunstnar og fotograf Magnus Torsne står bak installasjonen og bileta.

Noreg har det beste pantesystemet i verda. Ikkje noko anna tilsvarande system er so bra for naturen. Til tross for dette kastar me årleg omlag 15 panteflasker og -boksar kvar i restavfallet som kunne vert panta. Det høyrest kanskje ikkje so mykje ut, men til saman i Noreg kastar me 75 millionar flasker og boksar i boset.

Kvifor er det so viktig å pante flasker og boksar?

Me sparar verda for ressursar og klimautslepp når me pantar i staden for å kaste. Om me hadde panta alle boksane og flaskene me kastar i restavfallet hadde me spart nok energi til å drive alle dei 355 snøkanonane i Hemsedal, døgnet rundt i dei 4 vintermånadene, i tre og eit halvt år! Berre ved å pante ein flaske, sparar du nok energi til å fullade mobilen 70 gonger. Når du kastar ein panteflaske i restavfallet går den til forbrenning. Me sparar 95 prosent av energien når me gjenvinn ein drikkeboks av aluminium, framfor å produsere ein ny boks frå botn av. Det er ein meiningslaus måte å behandle plast og aluminium på, då ressursar går tapt, og me mistar mogelegheita til å nytte det verdifulle materialet på nytt.

Pant der du kjøper drikke

Du kan pante flasker og boksar alle plassar dei seljast.

Ikkje nokon stad i verda er det like lett å pante flasker som i Noreg. Her kan du pante flasker og boksar alle plassar dei seljast. Det gjer det lett å pante ein tom flaske sjølv når du er på farta. Det er berre å levere den på næraste kiosk eller butikk.

Slik vert flaskene gjenvunne

Flasker og boksar vert pressa saman inne i panteautomaten, og går rett til Infinitum sitt anlegg. Her vert dei sortert, og pressa til store terningar, og derfrå går det til materialgjenvinning. Alle drikkeboksane går til Hydro i Holmestrand og drikkeflaskene går til Cleanaway AB i Norrköping. Nyleg vart Infinitum sitt pantesystem kåra til det beste og mest effektive pantesystem i verda i ein LCA-rapport. Rapporten tok føre seg heile verdikjeda og beviser kor miljøeffektivt pantesystemet i dag er. No som du veit dette vil du vel aldri kaste ein panteflaske i restavfallet igjen?

Panting før og no

I Noreg er det Infinitum AS som eig og driftar pantesystemet av flasker og boksar med pantemerke. Tidlegare fantes det i tillegg eit eige system for ombruk der ombruksflasker vart frakta tilbake til bryggeria for vasking og tapping. Dette medførte unødvendig mykje transport av stort volum. Dette systemet vart gradvis borte frå 2012. Produsentar med ombruksemballasje la over til Infinitum sitt system.

Unikt for Skandinavia

I andre land som ikkje har pantesystem ser ein ofte brusflasker og ølboksar flyte rundt i parkar og langs vegane, i staden for å verta samla inn og gjenvunne til nye flasker og boksar. Ikkje berre er dette å kaste bort ein verdifull ressurs, men det fører òg til at flaskene ofte til slutt hamnar i havet. Forsøpling er eit stort miljøproblem og verdshava fyllast opp med plast. (Kjelde: Infinitum Magasin)

Gje panten til ein god sak

Infinitum har innført konseptet verdipant. Det vil seie at når du pantar kan du gje pengane til ein god sak. Det er mange der ute; skuleklassar, idrettsforeiningar, veldedige organisasjonar og private, som samlar inn pant til eit godt føremål. Me ynskjer å kalle dette for «verdipant» slik at dei som arbeider for den gode saka kan vise at «det har ein verdi». Flasker og boksar «har ein verdi» for miljøet, og pantebeløpet «har ein verdi» til veldedigheit. Infinitum ynskjer at «verdipant» vert eit omgrep for denne type aksjonar.

MILJØVENNLEG: Dagens pantesystem har gjennomgått mange forbetringar. I dag klemmes boksar og flasker saman med ein gong ved panting, deretter smeltast dei om til nye flasker og boksar på effektive anlegg. Foto: Kunstnar og fotograf Magnus Torsne står bak installasjonen og bileta.

MILJØVENNLEG: Dagens pantesystem har gjennomgått mange forbetringar. I dag klemmes boksar og flasker saman med ein gong ved panting, deretter smeltast dei om til nye flasker og boksar på effektive anlegg. Foto: Kunstnar og fotograf Magnus Torsne står bak installasjonen og bileta.

OM GJENVINNING AV PANTEFLASKER OG -BOKSAR

Kvifor: Når du gjenvinn flasker og boksar med pant, unngår du at verdifulle gjenvinnbare ressursar av plast og aluminium går tapt. I tillegg sparar du miljøet for store klimautslepp. Til dømes sparar me 95 prosent av energien når me gjenvinn ein drikkeboks av aluminium, framfor å produsere ein ny boks.

Korleis: Alle som sel drikkevarar i Noreg er plikta til å ta imot flasker og boksar med pant. Dermed er det enkelt å alltid pante alt.

Vanskelegheitsgrad: Enklere vert det ikkje.

Gjenvinningsgrad: 100 %

Godt å vita: Dei nordiske landa er aleine om å ha nasjonale, effektive pantesystem. Dreg du t.d. til Spania eller England, so finnast det ikkje pantesystem i det heile teke.

Miljøgevinst: Når me nyttar plasten og aluminiumet frå gamle boksar og flasker til å lage nye, reduserast CO2-utsleppa dramatisk. Om me pantar 1 kg med drikkeboksar i staden for å kaste dei i boset, sparar me energi tilsvarande 11 liter råolje. Om me pantar 1 kg med plastflasker i staden for å kaste dei, sparar me energi tilsvarande 3 liter råolje.

Kven: Infinitum AS er ansvarleg for pantesystemet i Noreg.

Kva vert det til? Når du levera inn brukte flasker og boksar med pant vert dei til nye flasker og boksar.

Få grønt påfyll med Infinitum Magasin og Movement

For å inspirere folk til ein grønare kvardag har Infinitum starta ein miljøbevegelse og eit magasin for unge. Infintitum Movement er ein bevegelse for ungdom som er oppteken av miljø, som drivast fram av unge, miljøengasjerte menneske, mellom andre surfarar og miljøvernar Simen Knudsen og snowboard-legenda Terje Håkonsen. Målet er at desse skal inspirere andre unge til å engasjere seg i miljøsaka og verte meir medviten på korleis dei sjølv påverkar miljøet. Engasjer deg du òg!

På nettsida www.infinitummovement.no og i magasinet Infinitum, handlar alt innhald direkte eller indirekte om miljø, miljøvern, ressursar, forbruk, ombruk og resirkulering. Du får mellom anna tips til miljøvennleg shopping, kultur, reiser, fritid og helse. Infinitum magasin kan til dømes kjøpast hjå Narvesen. Bladet har fått mykje ros for sitt inspirerande design og innhald.