Fått feil avfallskalender for 2018?

Her er kva du kan gjere for å halde deg oppdatert på tømmeruta di.

Feil ved utsending har ført til at innbyggjarar har fått kalender for feil kommune - eller ikkje fått i det heile. Det beklagar me!

SIMAS har fått tilbakemeldingar frå innbyggjarar som har motteke avfallskalender for 2018 for feil kommune og frå dei som ikkje har fått i det heile. Problema vert forsøkt løyst undervegs. Noko av posten vert utsendt på nytt slik at me håpar at dei fleste skal få rett kalender.  

Det er fleire alternative løysingar for korleis ein kan følgje med på tømmeruta si:

  • Last ned appen Min Renovasjon. Her kan du leggje inn gards- og bruksnummer eller adresse og leggje til varsling for tømming. De vil då motta eit varsel på ynskja tidspunkt om kva som skal setjast ut. Anna informasjon som returpunkt og informasjon om miljøstasjonane finn ein her
  • Hent ut kalender på tenestetorget i di kommune (NB! I Vik kommune må kalender hentast på miljøstasjonen i opningstida). 
  • Skriv ut kalender frå vår heimeside. På framsida er ein rullegardin som heiter "Avfallskalender", finn di kommune og skriv ut PDF-fila du finn til høgre i bilete med teksten "Avfallskalender 2018". 
  • Kontakt oss. Dei som bur langt frå utleveringsplass eller ikkje får skreve ut kan ta kontakt med oss og få tilsendt pr. post.