Alle har fått ein ekstra sekk til julegåvepapir

julegavepapir.jpeg

Denne kan de nytte til gåvepapir og setje ut på fyrste tømming av restavfall.

I jula vert det ofte ekstra avfall i samband med selskap og gåver. Rullen med plastsekker frå Simas inneheld difor 15 sekker, slik at ein gjerne har ein ekstra sekk som kan nyttast til juleavfall.

Ta sekken fram på julekvelden og kvitt deg med julegåvepapir og anna innpakning undervegs. Denne ekstra plastsekken kan i jula nyttast til gåvepapir.

Det meste av gåvepapiret inneheld fargestoff og leire, og må difor soterast i RESTAVFALL. Plastsekken med gåvepapir settast ut på fyrste ordinære tømming for restavfall etter jul, og er utan ekstra kostnad for husstanden.

PS! Eit miljøvenleg tips er å pakke inn gåvene i grå-/brunpapir som kan gå i papiravfallet.

Lurar du på våre opningstider i jula? Sjå her.