400 elevar på besøk i Festingdalen

  4. trinn ved Gaupne skule på besøk i Festingdalen. Foto: Tomas Kjørlaug (lærar).

4. trinn ved Gaupne skule på besøk i Festingdalen. Foto: Tomas Kjørlaug (lærar).

I april tek me i mot elevar frå skuler rundt om i heile SIMAS-regionen.

I løpet av april månad får me besøk av om lag 400 elevar frå Simas-regionen. Dei kjem til Festingedalen for å lære meir om renovasjon. Elevane får ein teoretisk del, der dei lærar om ulike steg i avfallspyramiden. Dei får sjå kva SIMAS gjer med dei ulike fraksjonane me får inn, før dei får spele sorteringsspelet vårt.

Etterpå får dei ei omvising ute på kompostanlegget, for å sjå på matavfallet som er komen inn og korleis det ser ut etter nokre få veker i kompostanlegget – nydeleg kompostjord!

– Me ser på kva som ikkje er vorte til jord. Elevane konkludera heilt rett med at avfallet som ikkje er kompostert, rett og slett har vorte sortert feil heime hjå folk. Det gir dei ei aha-oppleving, fortel Linn Sofie Ugulen i SIMAS som, saman med Aina Fauske og Hilde Vindedal, tek imot elevane.

Vidare får elevane sjå kva som er kasta i dei ulike containerane på miljøstasjonen. Mange syns det er mykje som ikkje ser ut som bos, og burde vore fiksa, vaska eller gjeve bort til andre. Dei får lære meir om Fretex si ordning, om arving og om gjenbruk og sjå på kva som er levert i gjenbruksbua.

Til slutt pratar me om farleg avfall, kva det kan gjere med naturen, og kor viktig det er å få det levert til eit godkjend mottak.

– Elevane er ivrige, interesserte og svært engasjerte. Det er veldig moro å få besøk av dei, legg Ugulen til.

 

  Endre Njøs frå 4. trinn ved Gaupne skule inspiserer kompostjorda.

Endre Njøs frå 4. trinn ved Gaupne skule inspiserer kompostjorda.

  Elevane får spele SIMAS sitt sorteringsspel.

Elevane får spele SIMAS sitt sorteringsspel.