4-åringar plukka bos og vann 2000 kroner

strandrydding-henjahaugane-barnehage.jpg

Henjahaugane barnehage på Leikanger plukka bos ved Sognefjorden - og vann i Kystlotteriet. Premien gjer at heile barnehagen lettare kan kjeldesortere.

– No kan me kjøpe inn eit skikkeleg system for kjeldesortering, fortel Sylvi Aarland, tenesteleiar i Henjahaugane Barnehage.

­I slutten av oktober var ungane på avdeling Grøn ute og plukka bos langs Pilaviki på Hermansverk. Dei fylde posar med isopor og anna bos som låg langs fjorden, og sendte inn boset med lodd frå Kystlotteriet. Det enda med ein premie på 2000 kronar.  

– Ungane vart kjempeglad. Me prøvar å lære dei mykje om bos, sortering og berekraftig utvikling. Og no kan me leggje endå betre til rette for eit fint system i barnehagen, fortel Aarland.

Sterkare fokus på berekraftig utvikling

Henjahaugane barnehage har i år ønska å ha sterkare fokus på berekraftig utvikling. I haust har dei mellom anna hatt inne studenten Ingrid Ask, som valde å ha ekstra fokus på dette. Ho tok med seg 4-åringane ned til fjorden og plukka bos og gav dei ein fin oppleving. At dei vann, gjorde det endå meir stas.

I forkant hadde avdelinga hatt samlingsstundar der kjeldesortering har vore tema.

– Me har laga til fire kassar, der ulikt avfall skal sorterast. Dei har lært om kva søppel som skal kastast i ulike kassar, og kvifor. Men no kan vi bruke premien på eit betre system, der heile barnehagen får vere med, fortel Aarland.

I tillegg grev barnehagen ned bos, som dei skal grave opp om eit år. Slik får ungane lære om kva som brytast ned og kva som skjer med boset i naturen.

Vil du vite meir om Kystlotteriet? Sjå her.

  Slik lærer barna korleis dei skal sortere bos.

Slik lærer barna korleis dei skal sortere bos.

  Henjahaugane barnehage har sterkare fokus på berekraftig utvikling.

Henjahaugane barnehage har sterkare fokus på berekraftig utvikling.

  Dei grev ned bos for å sjå kva som skjer med det på eit år.

Dei grev ned bos for å sjå kva som skjer med det på eit år.

  Dei fann mellom anna masse isopor i Pilavika.

Dei fann mellom anna masse isopor i Pilavika.