- Me må bort frå bruk- og kast-samfunnet

Svein reparerer øydelagt ting og ønskjer at me blir betre på gjenbruk.

Svein og Knut reparerer elektronikk. Foto: FIVH Sogndal og omeign

Svein og Knut reparerer elektronikk. Foto: FIVH Sogndal og omeign

Saman med Knut jobbar han med å reparere elektronikk som nettbrett, tv, pc, mac og telefoner, samt gjenoppretting av filer.

- Eg ønskjer at me skal bevege oss bort frå bruk- og kast-samfunnet, og ta betre vare på dei tinga me har. På den måten sparer me både pengar og miljøet. Reparasjon er ein viktig del av dette, meiner Svein.

Svein og Knut jobbar i kjellaren på Amfi Sogningen i Total Repairs. Dei tar alltid ein vurdering når kundane kjem med ting dei vil reparere, men ifølgje Svein kan det aller meste fiksast.

Framtiden i våre hender Sogndal og omeign samarbeider for tiden med Total Repairs som en del av ein forbrukskampanje. Dei ønskjer å ta betre vare på tinga våre, og meiner at reparasjon er ei viktig og god løysing.

Dette er me i SIMAS heilt einig i. Ikkje berre sparar du pengar på reparasjon framfor å kjøpe nytt - du tek òg betre vare på miljøet. Så kanskje det er mogleg å fiksa den knuste skjermen likevel?