– Mannen min trudde det var bortkasta å brette kartongane

No har Bjørg Rinde vunne 10.000 kroner i Returkartonglotteriet.

VINNAR: Bjørg Rinde frå Feios.

VINNAR: Bjørg Rinde frå Feios.

– Har eg vunne? Er det ikkje tull? Gurimalla!

Det er ein tydeleg glad dame som mottek beskjeden om at ho har vunne i Returkartonglotteriet. Bjørg Rinde bur i Feios med mannen, og har bretta kartongar i fleire år.

Ho skyl dei godt, før mannen brettar dei saman og skriv namn på.

– Eg har ikkje høyrt om nokon som har vunne her i området før. Eg hadde håpa det ville skje, men mannen min meinte det var bortkasta å halde på slik, fortel Rinde.

124 vinnarar kvart år

Sidan 1997 har alle som skyl, brettar og stappar drikkekartongar - og samtidig skrive på kartongkubbane - delteke i Returkartonglotteriet. Lotteriet administrerast av Grønt Punkt Norge.

Kvart år vert det trekt ut heile 124 vinnarar som delar ein pott på 1,6 millionar kroner. Denne gongen var det Bjørg Rinde frå Feios som vann 10.000 kroner. Nytt frå 2017 er at ein kan delta i lotteriet med enkeltkartongar.

Bruker over 600 millionar drikkekartongar i året

Kartongen til Bjørg Rinde vart trekt ut frå kartongane me i SIMAS samlar inn. Som ansvarlege for innsamlingsordningane i Sogn, er me glade for å kunne vere med å lønna flinke kjeldesorterarar.

– Dette er heilt klart ein hyggeleg del av jobben. Både organisasjonar, verksemder og privatpersoner som er flinke til å sortere og levere inn kartongene sine, kan bli lønna for innsatsen, seier Linn Sofie Ugulen i SIMAS.

Og no skal Bjørg i alle fall halde fram å brette kartongar! Ho er oppteken av miljø og fortel at dei er nøye med å sortera bos i heimen. Og når ho har vunne 10.000 kroner, gir det ein ekstra motivasjon.

– Kva eg skal bruke pengane på? Nei, det veit eg ikkje.


Dette er Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar, verksemder eller organisasjonar, skuler, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Kvart år vert det delt ut premier for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premier à 10.000 kronar, og 4 premier à 100.000 kronar.
  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kronar. 
  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minimum seks tomme og skylte drikkekartongar som brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkekartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.
  • Deltakar skriv namn og nummer på kartongen, og levera han i den kommunale innsamlingsordninga. Då har ein eitt lodd. 
  • Kartongar vert trekt på 84 forskjellige stader i heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar/enkeltkartongar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane/enkeltkartongane går vidare til nasjonal trekking.
  • Fleire opplysningar og reglar finn du på grontpunkt.no