SLIK SORTERER DU AVFALLET

 

 

Brun dunk - matavfall

 

  • matavfall
  • papir tilgrisa av matavfall
  • serviettar
  • tørkepapir
  • papirbrødposar

 

  • teposar
  • kaffifilter/grut
  • blomster
  • blomsterjord 
 

Informasjon og gode råd:

Dette er avfall som skal komposterast. Det er viktig at du IKKJE har anna avfall som harde ting, kle, plast og restavfall saman med matavfallet

I samband med tømming av våtorganiske dunkar i veke 16 og 17  vert det utlevert 2 rullar bioposar. Derfor er det viktig å setje ut dunken med brunt lok desse vekene. Dette er berekna for eit års behov. Ekstra bioposar kan kjøpast ved lokal miljøstasjon, kommunen eller i daglegvarebutikkar.

  • Legg strø, bark, flis eller eggekartong i botnen. Då frys ikkje avfallet fast om vinteret og dei trekkjer til seg fuktigheit om sommaren.
  • I periodar med sterk varme er det lurt å ha dunken ståande i skuggen med loket att..
  • Reingjering av dunken reduserar luktplagen.

 

 

 

Blå dunk - papiravfall

 

  • aviser
  • vekeblad
  • reklame
  • skrivepapir
  • konvoluttar

 

  • innpakkingspapir
  • teiknepapir
  • datalister
  • alt anna papir som ikkje er plastbelagt
  Informasjon:
  • Papp er papir i form av bøljepapp, massivpapp og kartong
  • Drikkekartongar er bl.a kartongar for melk, juice, drikkeyoghurt og kartongar for sauser og puddinger
  • Kartongane skyllar ein i kaldt vatn og set dei opp-ned til tørk.
  • "SKYLL - BRETT - STAPP" Det er praktisk å samle kartonger i ein tom kartong og lage ein kube.
  • Dersom kartongen har plastkork bør denne skruast av og sorterast som plastavfall.
  • Tidlegare ba me kundar legge papp og kartongkubba i plastpose før dei vart lagt i papirbehaldaren. No slepp du dette, fordi BIR sender papir, papp og drikkekartong til Norges mest moderne papirsorteringsanlegg. Det gjør sorteringsjobben enklere for deg. For at anlegget skal fungere best mulig, må papp og kartongkubber ligge laust i behaldaren.

 

 

 

Grå dunk - restavfall

 

 

 

  • plastartiklar
  • keramikk
  • porselen og isopor
  • tilgrisa plastfolieembalasje
  • steikefolie
  • suppepose embalasje for barnegraut m.m
  • gåve/innpakningspapir

 

  • tomme/inntørka målingsboksar
  • paipr og papp som er tilgrisa av olje eller anna ureina ting som ikkje let seg bryte ned i ein komposteringsproses
  • utbrukte kle og sko
  • vaksenbleier

     

 

Informasjon:

Restavfallet er det som vert igjen når dei gjenvinnbare fraksjonane er sorterte ut.

RAUD EKSTRASEKK!

Sekken er merka "Simas Restavfall - Ekstrasekk". Desse kan setjast ved sida av dunken for å avhjelpe til toppar i avfallsmengda. Sekkane kjøpast gjennom SIMAS for kr 75,- eks.mva pr. sekk. Når sekkene er kjøpt kan desse leverast på innsamlingsruta utan tilleggsfakturering. Gjeld kun restavfall og sekken må knytast att!

 

 

 

Plastknytesekken

 

 

Dette skal IKKJE i plastsekken 

 

  • plastflasker
  • plastkanner
  • plastøskjer og boksar
  • plastbeger
  • folie og bæreposar
  • chipsposar

 

  • plastflasker/kanner det har vore spesialavfall i
  • tilgrisa plast
  • plast som ikkje er embalasje f.eks kulepennar,oppvaskbørste,leiker m.m

 

Informasjon

  • Skru av alle korkar - men dei går saman med plastembalasjen
  • Tilgrisa plast må skyllast og tørkast
  • Dersom det let seg gjere skal papir, metallkorkar og anna materiale skiljast frå plasten
  • Etikettar som er limt fast kan vere på
  • Plastsekken leverast saman med den blå papp dunken
  • Nye plastsekker til hushaldningar får ein gratis på miljøstasjonane eller tenestetorga i kommunen der ein bur. (Gjeld hushaldningar i SIMAS-kommunane).

 

Copyright SIMAS | Besøksadresse: Festingdalen, N-6854 Kaupanger | Postadresse: Amla, N-6854 Kaupanger
Tlf: +47 57 65 70 70 | Fax: +47 57 65 70 79 | E-post: post@simas.no | Vakt tlf: +47 90 06 56 56