FARLEG AVFALL
Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.
Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Private hushald kan levera farleg avfall gratis på miljøstasjonene, medan næringskundar har deklarasjonsplikt. Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak.
Farleg avfall er til dømes:
- Spillolje
- Maling, lim og lakk
- Sprayboksar
- Løysemiddel, frostvæske og kjølevøske
- Vaskemiddel
- Batteri
- Syrer og basar
- Plantevernmiddel
- Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer
- PCB
- Asbest og eternitt