Hytterenovasjon
I SIMAS-kommunane er det tvungen hytterenovasjon
Ordninga med tvungen hytterenovasjon er i utgangspunktet innført for at kommunane i SIMAS-regionen, til liks med dei fleste andre stadane i landet, skal ha eit tilbod til dei som har hytte/fritidshus, om å få levere avfallet sitt frå denne bruken på ein enkel og rimeleg måte.
Med dette sikrar ein også at avfallet ikkje dreg på avvege og t.d. vert liggande att i naturen.
Ulempa med denne ordninga, er at det naturleg nok er stor skilnad frå eigar til eigar i bruken av hytta/fritidshuset, og det kan for dei som bruker hytta/fritidshuset svært sjeldan, virke urettmessig at dei skal betale same gebyret som dei som nyttar tilbodet mykje.
Dette er det pr. i dag vanskeleg å gjere noko med. SIMAS har imidlertid prøvd å leggje renovasjonsgebyret for fritidshus/hytte, så lågt som råd er.
Eit fritidsabonnement er sett til ca. 40% av eit vanleg standardabonnement. Dette skal dekke kostnaden SIMAS og kommunen har med containerar/dunkar, tømming, transport, deponikostnader, miljøgebyr, utfakturering, administrasjonskostnader m.m.
Gå til din kommune: