Isopor SIMAS innfører ny behandling av isopor

SIMAS sitt mottak for utsortert isopor stoppa opp våren 2008. Vi har seinare arbeida med alternative løysingar og frå ca 1 april i år har vi isoporpresse på plass i Festingdalen. Isoporen blir då pressa for gjenvinning.
Dette betyr at isopor skal sorteras ut som eigen fraksjon på gjenvinningsstasjonane.
Isopor er blandt dei 12 prioriterte typane farleg avfall frå SFT (Statens Forurensingstilsyn). EPS (isopro og liknande) og XPS (byggeskum) inneheld rundt 0,5 til 1 % bromerte flammehemmarar. Tala viser at det i 1992 blei bruk 500 000 kbm av desse stoffa, med 59 tonn blomerte flammehemmarar som resultat. Blomerte flammehemmarar ynskjer vi ikkje på avveg i naturen, og etter 2004 blir ikkje desse skadlege stoffa nytta i produksjonen av isopor i Norge og Sverige. Det ser vi på og på tala. I 2005 blei det nytta til saman 900 000 kbm isopor og byggeskum, som samla innehaldt 4 tonn blomberte flammehemmarar.
Mykje av avfallet er framleis av eldre produksjon, difor er det viktig at dette blir sortert frå anna avfall og levert til gjenvinning.
Return