Tenk miljø Ha felles plass for dunkane
Miljøkommunen Lærdal er iflg SIMAS sin transportør Reno Norden ein mønsterkommune når det gjeld å samle dunkane i større samleplassar. I området sentrum til sjukehuset blir dunkane levert samla i større grupperingar.
Dette gjer at renovasjonsbilen ikkje treng stogga for kvar innkøyrsle. Dermed bir andre traffikantar i mindre grad hindra av renovasjonsbilen og det sparar miljøet.
SIMAS oppmodar andre til å tenkje på om ein kan trille dunken nokre meter for at den kan bli tømt saman med andre naboar sine dunkar.
Return