Ikkje alt avfall skal til SIMAS Eksplosiva og medisinar har eigne ordningar
SIMAS har konsesjon til å ta i mot ei rekke ulike avfallsgrupper. Men det er og ein del farleg avfall SIMAS ikkje har konsesjon til å motta.
Dette er særleg ein del typar farleg avfall. Eksplosiva som naudrakettar, fyrverkeri, dynamitt, haglskot, patronar, fenghetter etc. Har du slikt avfall SKAL det leverast eller meldast til politiet.
Når det gjeld smittefarleg stoff, sprøytespissar, medisinrestar etc. må det ikkje gå til SIMAS eller i avfallsdunken. Slikt avfall skal leverast til apotek eller forbrenningsanlegg. SIMAS har opplevd å få inn tomhylser og skarp ammunisjon på anlegget sitt. Dette må ikkje skje, ikkje minst av omsyn til dei tilsette sin tryggleik. På same måte er det viktig å ikkje kaste sprøytespissar i avfallsdunaken, av omsyn til dei som gjer innsamlingsjobben.
Det er alltid den som har avfallet som er ansvarleg for riktig avfallshandtering. Alle typar farleg avfall skal leverast til godkjent anlegg.
Return