Eldfaste former må ikkje i glascontaineren Nokre gram kan øydelegge fleire tonn glas
Eldfaste former er ikkje glas. Det er keramisk glas og som keramikk og porselen krev den mykje høgare temperatur for å smelte. Når dette vert blanda saman med embalasjeglas øydelegg denne råvara prosessen med glasgjenvinning. Sjå syklus.no for info.
Dette betyr at den eldfaste forma må i restavfallet saman med keramikk og porselen. På den måten sikrar vi at det verdifulle glaset kan resirkulerast.
Gjenbruk av glas hindrar forsøpling og tek vare på miljøet. Returglaset blir knust til pulver før det blir smelta ved 900 grader. Ved hjelp av eit tilset middel hevar glaset seg som ein deig og vi får mange små, lukka celler som er ugjennomtrenglege for væsker, gass og damp.
Skumglasmatte som kjem ut blir så råstoffet til ulike sluttprodukt som lettfylling, byggeblokker og murstein. Glas som vert gjenvunne blir og nytta til blandt anna produksjon av Glasopor skumglas som består av 20 % glas og 80 % luft. Romvekta er difor låg, men trykkfastheten og bereevna er stor.
Return