UTLEVERING AV BIOPOSAR For 2012 vert bioposar utlevert til husstandane i veke 16 og 17.
Ved tømming av våtorganiske dunkar på dei ulike rutene desse vekene, vil det bli lagt ut 2 stk rullar med gratis bioposar på dunkane med brunt lok. Ein rull inneheld 100 posar, som er berekna forbruk for i 1 år.
Det er difor viktig å hugse og setje ut dunken med brunt lok desse vekene.
Dersom ein har behov for fleire rullar kan desse kjøpast på dei fleste matbutikkar, alle miljøstasjonar eller gjennom SIMAS. Rullane kostar då kroner 35,- eks mva.
Return